onsdag 15. mai 2013

15. mai


Kjære alle saman.

I dag er ein tung dag. Vi fekk vete trekkfaga til skriftleg eksamen i dag. Eg kom sjølvsagt opp i nynorsk, altså hovudmål, men det er jo ikkje trekkfag så det er ikkje interessant. Dette er ei liste over kor lite lyst eg har til å kome opp i dei moglege faga. 1 er «skyt meg no», 2 er «du må nok skyte meg når eg kjem ut døra etter eksamen», 3 er «du må kanskje skyte meg når eg får karakteren min» og 4 er «YAY!»
  1. Fysikk
  2. Matematikk
  3. Kjemi
  4. Sidemål (bokmål)

Trekkfaga mine vart kjemi og matematikk. Difor er eg altså ikkje skoten endå. Min første eksamen er på tysdag, det er matematikken, men i staden for å øve (ettersom det vert lite tid til det i helga) sit eg no og jobbar med historieinnleveringa som eg skulle ha levert på måndag. Jaja, eg kjem nok i mål med alt til slutt. Om eg ikkje får 6 på alt så er det faktisk ikkje heilt krise heller.
Vart såpass trist at eg tok webkamerabilete denne gong òg.
Fortvil ikkje! Det kjem blogginnlegg på dei to resterande dagane i russetida òg, men vi har eit spørsmål som det hadde vore kult om de ville svare på. Skal vi fortsette å blogge når russetida er slutt? Det vert eit par små endringar i så fall, til dømes bloggnamnet (independant koalaruss). Vi lovar heller ikkje at det vert nye innlegg kvar dag, og det kan hende at sumarferien vert meir eller mindre inaktiv. Vi kjem nok sterkare tilbake til hausten i så fall, fordi då skal vi på folkehøgskule! Vert glad for eit enkelt ja eller nei i kommentarfeltet på dette innlegget. 

Koala out.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar