torsdag 16. mai 2013

Nest siste dag i russetida!


Hei, vakre menneske.

No er det så å seie kvelden før kvelden (eller dagen?). Sekstande mai. Ein festdag for heile Noreg, og ikkje minst russen. Kva gjer eg i dag? Jau, frå eg kom heim frå skulen har eg sove nokre timar, og no hadde eg ein halvvegs plan om å dra til Sørnes kyrkje. Der vert det konsert med nokre kor og så skal Ole Børud i eigen person ha konsert, og dessutan skal Morten Eikli ha tale. Om du veit kven dei er treng eg eigentleg ikkje seie meir. Om du ikkje veit kven dei er kan du google dei. Eg tykkjer i alle fall det er kult at eg har ein moglegheit til å få med meg begge deler på eit og same arrangement. Problemet er berre at eg som sagt har sove ei stund. Så sidan eg er treig med lappen og slikt så kjem eg meg ikkje ut dit i tide. Dessutan er eg litt tung i hovudet, så eg veit ikkje kor lurt det er uansett. Kjem nok eit innlegg seinare om korleis kvelden faktisk vart.
Her var eg tidlegare i år. Øydelagd stol.
No vil eg fortelje noko anna. I går var eg så fokusert på eksamen og slikt at eg gløymde å fortelje om knuten vi tok! Eg var med ein haug andre og overnatta i skulegarden, nærare bestemt rektorhagen på Kongsgård, frå tysdag til onsdag. Det var verkeleg koseleg. Vi grilla og sat oppe til langt på natt. Trur aldri Stavanger by har sett så fin ut som langt ut på natta midt i veka. Vi hadde opphaldsver og grei temperatur, og eg sov faktisk i 4 timar. Hadde nok sove lenger om eg berre hadde hugsa å skru av alarmen klokka halv sju. Pokker. Etter det har eg vore ganske trøytt og søvnig, både i går og i dag, så det var ikkje utan grunn at eg sovna etter skulen i dag.

Som nemnt kjem det nok eit til innlegg i dag, og kanskje eit frå Hanne anten i dag eller i morgon. Ho skal nemleg på fest i kveld.

Koala out! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar