torsdag 9. mai 2013

Do not enjoy yourself. Happy people are not cool.


Denne torsdagen er jo Kristi Himmelfart. Difor har vi fri. Frå skulen i de minste, men ikkje frå jobb i Kongeparken. Så i dag har eg jobba. Det var ein roleg dag på jobb for min del ettersom eg sat i billettluka. Det vil seie at eg hadde ein heil del timar til å gjere ingenting. Då las eg i ei bok som låg der, trur boka heiter «Never hit a jellyfish with a spade». Den var full av viktige fakta. For eksempel var det eit par sider som handla om «How to be cool». Det første som stod under denne overskrifta, og dermed det eg tolka som det viktigaste for å vere kul, var at ein skulle slutte å ha det kjekt. Fordi glade og lukkelege menneske er ikkje kule. No veit de det. Boka er faktisk kul.
Leit etter denne boka.
Etter jobb vart eg henta i Stavanger av ein bil som min ven kommenterte at var «sjukt ghetto». Bilen fekk meg heim, så eg skal ikkje klage. Vel heime åt vi tacorester og såg Game of Thrones. Om du ikkje ser Game of Thrones er det berre å gjere det med ein gong. Beste serien i verda. Eg trur eg har sett alle episodane 2-3 gonger, og har starta på bok nummer 1.

Koala out.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar