onsdag 1. mai 2013

Det skjer noko i livet mitt!


Hallo alle vakre, fine, fantastiske, nydelege lesarar. Korleis går det i dag?

Eg har faktisk noko å skrive om i dag. IGJEN! Ganske utruleg, det er sjeldan det skjer så mykje i livet mitt som det det gjer no i russetida. Denne gongen er det ikkje så mykje av det eg har å fortelje som er russerelatert ein gong. Det er så mykje å fortelje at eg må vel berre byrje å skrive med ein gong om eg skal verta ferdig innan dei neste 5 timane. No er klokka 20.39. Fullt fokus dei neste 5 timane.

Det første eg vil fortelje om er gårsdagen. Då hadde eg tentamen i kjemi, og lat som eg er har eg verken orka å hengje med i timane, og hadde heller ikkje øvd til tentamen. Eg møtte opp og tenkte at det fekk stå til, men hey! Det gjekk overraskande bra. Så då vart eg glad.
Dette er eit bilete frå førre skuleår i kjemi. Vi destillerte etanol.
Så kom eg heim og tenkte «JESS, no kan eg like gjerne berre døy, alle venene mine er på blåtur med Russepasset, eller skal ut i kveld. Utan meg.» Frykteleg trist, brukte eit par timar på å grine over dette. Tok fleire bilete med webkamera, men dei var for brutale så dei kjem ikkje på bloggen. Plutseleg poppa eit chatvindauge opp på Facebook. «EIN VEN!» tenkte eg, og jammen var det ein ven. Så etter ein kjapp samtale var eg på bussen på veg til Stavanger for å møte skjønne Sara og Silje. Dei er russ frå Sandnes, og ville ha meg med på å ta russeknutar. Eg tok berre ein, fordi dei skulle ta Sandnesknutar som ikkje sto på Stavangerknutelista, så det var jo litt trist, men jaja. Den knuten eg var med på var å køyre handlevogn gjennom Drive-In på Mc Donalds og kjøpe Happy Meal. Vi var så snille at vi til og med spurte om lov til å låne handlevogna. Så skulle vi bestille, men vi fekk sjølvsagt ikkje gjere det i fred. Utan at vi hadde gjort noko anna enn å vere fredelege russ, ute for å ta uskuldige knutar, var det ein gjeng drittungar som gjekk til åtak på oss med egg. Dei trefte både meg og Silje. Var ikkje snakk om at noko blei øydelagd på mi bukse, men Silje vart ganske frustrert. Ho har nemleg brukt ekstremt mange timar og malt alt på buksa si sjølv.
Verdas søtaste Sara med ein heil pakke Hubba Bubba i munnen.
Sara og Silje slik dei vanlegvis går inn i ein butikk.
To hundar på butikken som sto og bjeffa på hundematen i 5 minutt. Får dei ikkje mat heime?

Dette er meg og Pelle på trist webkamerabilete.
Her er vi triste for at eg og Silje vart egga.
Pelle var Happy Meal-leika mi. Han har ein bror som heiter Kåre.
Dei er tvillingar.
Etterpå kom eg meg heim, og var heime i 9-tida. Igjen kjeda eg meg, og ein kompis (Jorik) spurte om eg ville vere med ut og råne snart. Eg tenkte at han meinte «ein dag om ikkje så lenge,» men plutseleg ringte han og var på leit etter huset mitt. Eg vart ganske sjokkert, men var sjølvsagt med. Så vi kjørte rundt og fant ut at vi skulle bade. Det vart ikkje noko av. Eg kjente på vatnet, og det var så kaldt. Dessutan var det mørkt ute så vatnet såg heilt svart ut. Det var ganske skummelt. For å ha endå ein grunn til å ikkje bade kan eg slengje på at det kom ein mann som nok ikkje var heilt edru og maste om at vi skulle hoppe uti medan han sto og såg på. Så nei, eg bada ikkje før første mai. Buhu.
Dette er Jorik. Hadde ikkje med kamera i går, så då måtte eg bruke eit gamalt bilete.
I dag har eg øvd litt til mattetentamen som eg har i morgon, den kjem heller ikkje til å gå kjempebra, men eg orka ikkje øve så mykje uansett. Derimot har eg gleda av å fortelje at i dag er dagen her. Dagen alle lesarane våre har venta på. I dag er dagen då det for første gong kjem bilete av MAT her på bloggen! Eg har nemleg laga cupcakes! Ikkje hat meg for at dei ikkje er kjempefine, det er berre andre gong eg gjer det, og smaken er ikkje noko å klage på i alle fall. Smaken er faktisk viktigare enn utsjånaden. Her kjem gigantisk store bilete av cupcakes.

Rosa cupcake
Sjokoladefrosting
Sjokoladerestefrosting

Blå cupcake
Koala out.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar