I morgon skal eg jobbe i Kongeparken, men på fredagskvelden er det klassefest hjå Bjørn. Då kjem det nok bilete og slikt. Kanskje drikk nokon seg til og med fulle slik at eg får fylleflausar å fortelje om på bloggen. På laurdag er det opplegg med kristenrussen. Då skal vi samlast og ta krusseknutar, så det vert nok bra. Siste helga i russetida no! Veit ikkje om eg skal juble eller grine over at eg berre har fire skuledagar igjen kor eg kan stå opp og ikkje tenkje på kva bukse eg skal ta på meg og berre hoppe i den stygge raude buksa som no er full av hårfarge som eg søla når eg farga håret mitt.
Elles skal eg bruke kvelden min på å sitje her i sofaen og utforske det nettet har å by på. Eller ikkje har å by på. Vi får sjå. Snart skal eg sove uansett, eg er så usannsynleg trøytt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar