fredag 10. mai 2013

Klassefest


I dag var det klassefest, det var kos. Eg tok flotte bilete av Hanne som de kan sjå nedanfor. Bjørn er superkul og supersnill som opnar sitt hus og sitt hjarte så heile klassen kan få samlast hjå han. Vi grilla. Eg grilla hamburgarar. Dei vart særs gode, skulle nok ha teke bilete av dei, men det gjorde eg ikkje. Orsak. På hamburgarane mine hadde eg ost, mais, salat og lauk, samt ketchup og dressing. Det smakte himmelsk. Nam. Klassen min er forresten verkeleg noko for seg sjølv. Eg likar det.

Hanne er søt
Hanne er frekk og sexy
Hanne trur ho er viktig og fornuftig 
Hanne er ein luring
Hanne har SWAG.
Hanne er nøgd.

Koala out

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar