tirsdag 14. mai 2013

Baking er ikkje til å spøke med


God kveld

I dag har eg faktisk brukt ettermiddagen på å jobbe med historieinnleveringa mi, tru det eller ei. Eg skriv om Martin Luther King jr. Det er eigentleg ikkje så stress. Det er eigentleg ikkje så interessant for dykk å lese om at eg jobbar med skulearbeid, difor skal eg nå fokusere på cupcakes! Fordi eg bakte jo cupcakes igjen i går. Denne gong brukte eg frosting med kremost i staden for smørkremen eg brukte som frosting sist. Hadde òg vaniljeessens i den rosa frostingen, og i den kvite. I den brune er det kakao. Som ein kan sjå på bileta har eg brukt rosa prinsessestrøssel i tillegg til sølvkuler. Det vart kjempegodt, men heilt sjukt søtt denne gongen òg. I tillegg laga eg nokre med berre fondant på. Festa fondanten med litt melis og så brukte eg ei tube med raud pyntegelé til å lime fast nokre sølvkuler og hjartestrøssel. Vart ganske nøgd med tanke på kor ekstremt lite kreativ og kunstnarisk eg eigentleg er. Hugs at dette berre er tredje gong eg lagar cupcakes, og første gong eg brukar noko anna enn smørkrem oppå dei. Eg er heller ikkje den beste fotografen i verda, det er eg klar over. Her er uansett nokre bilete.

Mykje melis på den raude fondanten...




No skal eg over til noko anna. Som dei fleste nok veit, eller i alle fall burde vite, så er ikkje baking heilt utan risiko. Spesielt ikkje når mixmasteren er øydelagd, og ein må «røre smør og sukker kvitt» heilt sjølv. Her er det mykje som kan gå galt. Ein kan risikere å søle og sprute ein haug med smør, ikkje at det i seg sjølv er farleg, men om ein får smørdropar i auga er det kjipt. Bruk alltid vernebriller når du bakar. Ein annan ting som kan skje er at rørereiskapen kjem ut av kontroll. Då kan du risikere å slå deg sjølv eller andre på ymse stadar. Difor vil eg òg anbefale alle å ha på seg hjelm, skotsikker vest (redningsvest eller sikkerhetsvest til riding kan òg fungere greitt) og eventuell anna sikring slik at du ikkje får alvorlege skadar.

Det at baking kan føre til alvorlege skadar har eg lært av eigen erfaring. Når eg skulle bake cupcakes fann eg ut nettopp det at mixmasteren var øydelagd, og då måtte eg altså «røre smør og sukker kvitt» heilt sjølv. Eg nytta ein rørereiskap forma som ein gaffel med tre taggar. Rørereiskapen var laga av tre. De veit kanskje eller kanskje ikkje kva eg snakkar om. Uansett, eg rørte og eg rørte og det vart sakte men sikkert kvitare. Eg kjende eit visst ubehag i handa, men brydde meg ikkje. Til slutt vart det så ille at eg ikkje klarte å halde godt om rørereiskapen skikkelig lenger. Eg mista heldigvis ikkje kontroll over rørereiskapen, og eg fekk heldigvis ikkje smørdropar i auga, men det skjedde noko mykje verre. To blemmer kom til syne inne i handa mi. Difor vil eg òg legge til at om ein skal røre fort og kraftig for hand så må ein bruke solide hanskar.
Ganske sjukt.
Koala out

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar