søndag 5. mai 2013

Landstreffhelga


Hei.
No er eg sååå trøytt og sliten etter landstreffhelga. Der var eg nemlig ikkje. Eller jo, eg var der på laurdag frå 12-20. Då jobba eg. Ganske morosamt at dei fekk så fantastisk vêr. Helga mi har eigentleg ikkje vore noko å skryte av når det kjem til russelivet, som denne bloggen jo handlar om. Russebuksa mi har vore heime medan eg har vore sosial og slikt. Det har vore ei flott helg, meir enn det er ikkje interessant for den gjennomsnittlege blogglesaren vår.  No kjem dei hardaste vekene på skulen, kan ikkje akkurat seie at eg ser fram til det. Skal nok kome meg gjennom det òg. Satsar på at det vert litt russeknutar og slikt likevel. No har vi jo faktisk langhelg neste helg, då skal krussen ta knutar saman. Det vert nok bra.
Klem til alle lesarane frå meg.
Koala out.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar