I dag hadde eg tentamen i matematikk. Det gjekk ikkje bra og
eg leverte utan å fullføre grunna migrene midt inni. Alltid kjekt når det
skjer.
Etter skulen var eg med Endre, min bror frå ei anna mor, og
eit par andre. Eg og Endre farga håret vårt, og fargen er raud. Det er jo
russeknute å farge håret i buksefargen. Eg har sakna å ha raudt hår, så dette
er fantastisk. Når vi først er inne på russeknutar kan eg jo faktisk fortelje
dokk kva for nokre knutar som er i boks. Her er lista mi:
1. Få autograf av kjendis på buksa (Humming People på kristenrusstreffet)
2. Kjøre gjennom Drive In på Mc Donalds i handlevogn og bestille Happy Meal (dette gjorde eg både på tysdag og i dag)
3. Sitje under pulten ein heilt vanleg skuletime
4. Ha ein heil pakke HubbaBubba i munnen i 10 minutt
5. Bite ein førsteklassing i leggen
6. Delta på innsamlingsaksjonen Krafttak Mot Kreft
7. Delta aktivt i ein heil førsteklasse skuleøkt (denne knuten vil eg ta på ny fordi eg tykkjer ikkje sjølv at eg var aktiv nok)
8. Skåle for fedrelandet kvart femte minutt i ein skuletime
9. 10 spensthopp i slowmotion foran ein buss på eit gangfelt
10. Ete og svelgje russekorte mitt
11. Ete ein Big Mac på tre bit (dobbelknute)
12. Farget håret i fargen på russebuksa (trippelknute)
13. Ha på russebuksa kvar dag på skulen i heile russetida (trippelknute, ikkje ferdig)
14. Vere edru heile russetida (trippelknute, heller ikkje ferdig)
Og sjølvsagt:
15. Opprette, halde ved like og marknadsføre ein blogg i forbindelse med russetida. Oppdater dagleg med bilete og skildringar av russetida. (superknute, heller ikkje ferdig)

Så ja, sjekk ut russebloggen: www.ikg-1.blogspot.no
Oh wait…
Oh wait…
Håret mitt. Bilete av andlet pluss hår kjem den dagen nokon
greier å ta eit bilete av meg som eg faktisk likar. |
Eg har ikkje så mykje meir å blogge om i dag.
Koala out.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar