mandag 13. mai 2013

Eg er i live

Kjære alle saman.


No har eg vore ganske inaktiv her på bloggen i nokre dagar, og då vil de vel ha ei forklaring på det. Den forklaringa er at eg har hatt ting å gjere på i helga, tru det eller ei. Hanne har jo blogga dei to dagane det er snakk om, så det er vel ikkje så stress.

Eit av dei mange fine bileta eg har av Hanne.
Dette er ikkje frå klassefesten, det er berre eit fint bilete av Hanne.

På laurdag sov eg lenge, før eg tok toget til gokk. Eg lærte at i gokk finst det kule menneske og god mat. Nam. Tidlegare på dagen såg eg eit par episodar Doctor Who. Eg vil ikkje gå for fort gjennom episodane fordi eg likar den tiande doctor’en, saknar den niande doctor’en og IKKJE VIL MØTE DEN ELLEVTE DOCTOR’EN ENDÅ. Doctor Who er kult. Eg liiikaaar.

Sundag var som vanleg ein keisam dag. Eg tenkte å bruke største del av dagen til å jobbe med ei historieinnlevering som skal leverast denne veka. Eg starta aldri på den, så det må eg vel gjere i dag. Likevel er eg dum nok til å tenkje at når eg er ferdig med dette innlegget skal eg bake cupcakes. Eg har nemlig kjøpt nye søte muffinsformer, søtt rosa prinsessestrøssel og fondant, samt ingrediensar til cupcakes og frosting. Seinare kjem det nok bilete av desse òg, om dei vert fine sjølvsagt.

Koala Out.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar